- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
8

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Telebonde-prest

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

8

aldri annet enn Kristus.» Dei ordi hev stade manande
for meg heile mi preste-tid.

Ved ordinasjonsmiddagen var dei 4 prestane til stades
som var med i ordinasjons-tenesta: tvo seinare bispar,
Torkildsen og Tandberg, og tvo stiftsprostar, Brun og
Piene. Heuch fortalde um sokneprest Musæus, den
praktiske presten, som hadde bygt eit veldigt grisehus
på Lårdal prestegard og dreiv grise-al i det store.
«Statsråd Bang har satt sig i hodet at det er så galt med denne
grise-avlen hans. Men jeg skjønner ikke det er galere å
ale op griser enn å ale op kalver ?» «Kjære far! det skjønner
du dig ikke på!» lo bispefrua. «Ja det er ikke fra et
land-bruks-standpunkt jeg ser det; men fra et teologisk
standpunkt må det være ett fett!» Musæus gjorde ei god
gjerning med di han fekk grise-al innført i alle bygdene

der ikring; fyrr hadde telene kjøpt amerikansk flesk!

*



Dei fem månadene eg var prest i Lårdal den vetteren,
var ljose og rike. Telene er kvike. Dei høvde godt til
mitt huglynde. Eg fann meg snart til rettes med dei.

Gjeste-venskapen er stor i Telemark. Alle dører
opna seg. Eg vitja å segja kvart einaste hus i prestegjeldet.
Og det var ikkje mange gardane utan eg natta yver der.
Når eg kom til ei grend og heldt møte i skulestova, kom
jamt einkvan husfaren og tok tølene mine: i kveld lyt
presten vera heim med meg. Sat me då attmed peisen
og rødde, då opnast hjarte-dørene 6g.

Sameleis når eg kom og banka på midt på dagen. Det
kunde sakte henda at både mann og kjerring sat og røykte.
Dei treiv pipa or munnen, turka seg, tok på seg ei
høgtid-leg mine, sette stol fram: so presten er ute og fer? Men
når so eg fann fram snadda mi og kveikte henne, gjorde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0010.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free