- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
11

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Telebonde-prest

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

II

det let seg gjera. Smøret tok handelsmannen i byte. Ost
og korn var ikkje sals-vara. Det var for dette kornet
skuld at Musæus hadde teke til med grisealet sitt.

Det varde eit heilt bel fyrr «reiune» kom inn. Mange
drygde med å greia for seg. Dei trudde presten hadde
fast løn attåt. Men so smått som det var i eit anna
prestegjeld, var det ikkje i Lårdal. Musæus hadde vant lårdølene
til at restansane vart inn-drivne av lensmannen. Soleis
kunde eg fylgja i hans fotefar.

Attåt «reiune» var det ei preste-inntekt som heitte
hovud-tiend. Heile øvre Telemark hadde i
millom-alderen nekta å svara tiend til kyrkje og prest. Difor
vart kvar karmann pålagd å betala hovudtiend fyrste gong
han gifte seg. Taksten var frå 8 mark til 16 dalar, i nyare
mynt fra kr. 6,40 til kr. 64,00, etter medel og inntekt.

Heile fyrste sumaren såg eg ikkje pengar. Men ender
og gong var det folk som kviskra til meg: snart fær presten
eit rikt «gjestebod». Då so utpå hausten brudgomen kom
og bad um lysing, spurde han: hoss mykje skå presten
hava i hovudtiend? «Det veit du best sjølv,» svara eg,
«du veit kor mykje du er verd!» Ja det var no ikkje stort
det\ «Vil ikkje du sjølv segja det, lyt eg spyrja
medhjel-paren,» sa eg. Dermed gjekk han. Då han kom att,
spurde han: hot sa medhjelparen? «Han sa at skulde
nokon betala 64 kroner, so måtte du gjera det!» Han vart
byrg, so han rette seg upp der han sat; men kan ikkje
presten slå av litt ?!

Ja menn var det bra at den nye presteløn-lovi kom og
gjorde ende på sovore. Og minimums-løni vart sett til
kr. 2400. Like vel var det snaudt nok, med alle dei utloger
som feil på ein prestegard.

Men prestegarden var eit paradis. Og fyrste året
var eit krun-år. Det grodde all grøda, so det var hugnad

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0013.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free