Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Embetsmann og bonde
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
34
Då me 3 år seinare kom til Askov, kona mi og eg,
budde me hjå la Cour og fekk nya uppatt den varme
venskapen.
Askov folkehøgskule var eit universitet. Der låg
studentar og studera, både filologi, soga og naturvitskap.
Eit heilt universitets-bibliotek var der.
La Cour var utnemnd til professor, han var heile
året uppteken med sin vitenskap.
Men dessutan var han den praktiske fyregangs-mann,
som tok seg av sosiale og økonomiske uppgåver.
Han konstruera elektriske vindmylner, med
automatisk skiva som snudde vengene etter vinden.
Han skipa bondelag til kjøp og sal: i hovudstaden
hadde bøndene store lagerhus; disponenten kjøpte inn
til billegaste dagspris varer som bøndene trong; dei
berre skreiv til han og fekk dei tilsendt; so sende dei
sine jordbruks-produkt, som disponenten seide beinveges,
til høgste dagspris. La Cour var sjeli i den samskipnaden.
Det er ög verdt å nemna at han gjorde klokkar-tenesta
i val-menighets-kyrkja i Askov!
At han døydde so altfor tidleg, var for meg ei hjarte-
sorg: det kjendest som eg skulde mist min eigen far.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>