- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
42

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Eit år i Hardanger

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

42

Likevel kjendest alle dagar den menneskelege
kristendom hjå Christie som ein ålvorleg dom yver all
umenneskeleg framferd. Eg høyrde hermt eit ord etter Christie
sagt til dei religiøse leidarane i Kvam: «En menneske-sjel
er noe så fint, at dere må fare fint frem både i sjelesorg og
i forkynnelse.» Dei som hermde ordet, lo åt det: tenkje
seg ei syndig menneske-sjel.

Kapellanen Realf Ottesen, seinare sokneprest i Kvam,
stod heilt saman med Christie, åtte mykje av same
sjels-adelen. Ei velsigning hev det vore for Kvam at dei i fleire
mannsaldrar hev havt slike prestar.

Ein barndoms-ven av Christie var Edvard Grieg.
Han og fru Nina vanka på Vikøy prestegard. Ein gong
ved kvelds-bordet sa Grieg: «Jeg vet ikke hva det kommer
av: maten smaker så godt her på prestegården! det er
visst for di du Budz ber Gud velsigne maten? Nina,
du vet vi bruker ikke det vi! Ja, tror De ikke det er
grunnen?» snudde han seg til Ottesen. Ein annan gong sa
Grieg til Christie: «Ja du, jeg burde tenke mere på Gud!

men hvordan skulde det da gå med musikken?»

*



Gamle Traasdahl hadde busett seg i Norheimsund.
Det var ei gleda å knyta venskap med den gamle
læk-preikaren. Eg mintest han frå gutedagane i Bergen, då
han hjelpte mordaren Wallin til umvending. Prestane i
Bergen lika so måteleg at ein lækpreikar greidde meir
enn prestane. Traasdahl kom ikkje høgtidleg og presteleg
men menneskeleg og sympatisk. Han la armen kring
halsen på Wallin, såg han kjærleg inn i augo: so dette er
Wallin! sa han. Det var noko av same metode som den
namngjetne Matilda Wrede i Finnland nytta til å vinna
dei verste brotsmenn. Ho fekk sameleis prestane imot seg!

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0044.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free