- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
48

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Eit år i Hardanger

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

48

raren kunstnaren Lars Kinsarvik. Han kunde fortelja
mangt frå gamalt. Kinsarvik-kyrkja var den eldste i
Hardanger; dit sokna alle hardingane ei tid. Kinsarvik
var det gamle sentrum: der låg leidingskipet, «Harding
-geiti», som det endå tedde tuft etter; der stod «gilde-stova»
frå Olav Kyrre si tid; han synte meg tufti. Då eg seinare
vart sokneprest i Ullensvang, hadde eg mang ei
hugnad-stund med Lars Kinsarvik. Heilnorsk var han i alt sitt
yrke, vaken for alt av ånd, og varm for alt godt. Han
preika nokre vender ved gudstenesta i Kinsarvik-kyrkja,
til ålmenn gleda.

#

Eg vitja Ulvik, den logne bygdi, som truleg hev gjeve
Henrik Wergeland emne til versi um «det underdeilige
Hardanger». Utsyni yver Ulvik frå Espelands-heidi i
Granvin er noko av det venaste manna-auga hev set.

Styraren av hagebruksskulen, Kristofer Frimann
Hjelt-nes, vitja eg, mannen med dei vyrdelege tradisjonar og
dei lysande voner for landsens framtid.

På Utne levde endå gamle «mor Utne», som saman med
sine skyldfolk hev gjort Utne til eit nytt sentrum i
Hardanger : der var eldste poststaden, der var einaste
telegrafstasjonen, der var den eldste banken, Kinsarvik
Sparebank. Der møttest turist-vegane som i eit knutepunkt
for trafikken. Der budde dyrlækjaren. Der hadde dei
fenge si eigi kyrkja, og arbeidde for å få sin eigen prest.

I Odda var endå ikkje stor-industrien komen. Det
gamle Odda levde endå. Då eg preste-klædd gjekk yver
gata til kyrkja jonsok-aftanen, kom eit «barne-brudlaup»
og slo lag med meg: «brudi» med kruna, dei hine
små-gjentene i skaut!

Jonsokdagen heldt eg messa med Røldals-kyrkja; um

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0050.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free