- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
51

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Nasjonal godvilje

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)


Nasjonal godvilje
Nasjonal godvilje


Far min hadde nasjonal godvilje. Han tedde i meg
frå eg var ein neve stor: det er eit provins-merke for vårt
folk at me hev mist skriftmålet vårt! det provins-merket
må me få burt!

*



Eidsvollsmennene åtte nasjonal godvilje. Difor sa
dei ifrå at norsk mål skulde råda i Noreg. Det var eit
symbol at president Christie i Bergen gjorde upptak
til ei norsk ordbok.

Men det var ikkje so lett. Det stod «norsk» på
timeplanen i dei høgre skulane. Lærebøkene sa noko anna.

Vestmennene i Bergen fortalde morosamt um Lyder
Sagen: Han hadde gjeve ut «Dansk Læsebog» fyre 1814.
Då han seinare skulde gjeva ut ei ny utgåva, bisna
bergenserne på namnet. «Dansk» gjekk ikkje lenger. Men
«Norsk Læsebog» gjekk vel heller ikkje, når det var same
boki? Lyder Sagen løyste knuten, kalla boki «Læsebog
i modersmaalet». Sjølv snakka han til dagleg den gode
norske bydialekten sin. Men skriftleg? nei! «Vasdrag
er et pøbel-ord, gutter! det heter vandløb! Det er bare
Fane-strilene som sier Svartediket! det heter Sortediget.»
Det var ikkje rart med den nasjonale godviljen hans
når det vart ålvor.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0053.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free