- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
55

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Nasjonal godvilje

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

55

skrike upp mot Thv. Klaveness, for han hadde nemnt tvo
namn som hadde vekt skandale. Veka etterpå var Oslo
ferdig med den saki. Då var det ein ny skandale som
fyllte hovudstaden: Hognestad skulde preika på «målet»!
Avisene skreik upp. Folk var upp-øste. «Om noen på
bondebygden vil høre på maulet, så gjerne for oss! men
her i hovedstaden!!» Dei håtta ikkje på at det budde
70 000 bondefødde 1 Oslo.

Wexelsen var i kyrkja den dagen. Og då
Bondeungdomslaget tok upp framlegg um å få Hognestad til
ungdomsprest, bar Wexelsen saki fram i Stortinget med
hugvarme ord: vort folk har ansvar for de mange hundre
ungdommer som kommer til hovedstaden fra bygdene
våre; de kjenner sig fremmede herinne! de synger gjerne
på Ivar Aasens sang: tidt eg minnest ein gamal gard.
Den nasjonale godviljen i Stortinget tok saki med sympati.
Men enden vart likevel ikkje løyving til eit nytt embete.
Dei peika på at ein av stiftskapellanane i Oslo bispedøme
kunde få instruks um å vera ungdomsprest. So lenge
Wexelsen var kyrkjeminister og Bang var biskop, kunde
det gå i lås.

Peter Hognestad vart utnemnd til stiftskapellan i 1903.
Han tok straks til med heil-norske gudstenester. Han
sette um liturgia, og fekk henne godkjend av Wexelsen.

Frå fyrstundes laut Bondeungdomslaget låna kyrkjer.

Det samlast fleir og fleir som gledde seg ved dei varme
og tankeklåre preikene.

Men so kom ministar-skiftet ved års-skiftet 1904.
Korleis det hekk i hop, veit kanhenda ingen. Biskop
Bang fekk bod frå departementet um å nytta
stiftskapellan Hognestad til å styra prestelause prestekall.
Dermed laut Hognestad eit bel slutta med sitt preste-yrke.
Det var mange som triumfera. Den nasjonale godviljen

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0057.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free