- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
57

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Nasjonal godvilje

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

57

Eg kom sjølv upp i ei onnor soga i Knudsens tid.

Bjørgvin-bispen, ein staut mann som eg personleg
hadde stor vyrdnad for, vilde ikkje bruka meg for di eg
tala ny-norsk. Fyrste gong eg baud meg fram, vart han
glad, for han var i beit med vikarar. «Men taler De
lands-mål ?» Ja. «Da må jeg forlange at De først ber menigheten
om lov!» Det vilde eg naudleg: det var å taka til med
målstrid med ein gong! eg laut i alle fall få preika ein
gong, so folk fekk høyra det var ikkje russisk? «Ja De
kan få preike en gang! men så må De fra kordøren be om
lov til å fortsette.» Eg var truskyldig nok til å nemna at
i Ulvik og på Vossestrand visste eg folk hadde ingenting
imot norsken. Men då tenkte biskopen: der skal du ikkje
koma! Han var so i beit med vikar til Vossestrand, at
han sende bod til ein ung prest som hadde ferie: «De
kan få reise ned til Bergen så tidt De vil! ja for De er
målgale nok der oppe om de ikke skal få Anker.» Dette
fortalde den unge presten. Meg gav biskopen eit stutt
vikariat på 6 veker i Sunnfjord; han rekna med at
sunnfjor-dingane var imot landsmålet. Men det gjekk onnorleis.
I den eine kyrkja fekk eg til svar: det har visst ingen noko
imot. I den andre kyrkja kom svaret: alle ynskjer presten
skal preika som han har gjort i dag. Då bispen frette det,
vilde han aldri bruka meg meir. Han lyste i bladi etter
vikarar. Han visste eg var til teneste halve året. Men nei!
I staden kom eg då til å fara ikring i heile landet og spreida
smitta alle stader. Kva gjorde so biskopen? Han skreiv
til Kyrkjedepartementet og spurde um det var lovlegt å
nytta Blix-salmar og landsmålsliturgi slik som eg gjorde.
Svaret lydde: om sådant bruk må for hver gang innhentes
departementets samtykke. Dette melde biskopen til
fleire prestar. I Sogn bad ungdomen ein stad um kyrkja
til heilnorsk messa, men fekk same svar av presten. Skreiv

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0059.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free