- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
67

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Voss folkehøgskule

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)


Voss folkehøgskule
Voss folkehøgskule


Dei seks åri eg var lærar på Voss folkehøgskule, høyrer
til dei rikaste i mitt liv.

Høgskule-tanken hadde svive meg alt i 1890. Etter
presteeksamen var eg tenkt å melda meg hjå Chr. Bruun
på Vonheim og vera der eitt år. Men so kom
klokkar-posten i Arendal radt upp i hendene mine.

Herman Anker på Sagatun hadde for meg ein heimleg
klang. Då eg var komen i hamn hjå Lars Eskeland i
1902, skreiv og til far: det må vera ein raud tråd som gjeng
gjenom deg frå Sagatun til Voss.

Millom lærarane og elevane på Voss folkehøgskule
kjende eg meg som fisken i vatnet. Det var som eit stort
syskin-lag.

Eskeland var store-bror, varm og rik. Eg høyrde
foredrag av han um Wergeland, um Vinje, um Shakespeare,
um Holberg. Soga vart levande.

Eg trega at eg ikkje hadde gjenge ein folkehøgskule i
min ungdom.

Eg fekk den tanken at all norsk ungdom burde plent
vera ein vetter på folkehøgskule fyrr dei gjekk til sitt
livs-yrke.

På folkehøgskulen vilde dei få syn for samanhengen
i livet, noko som fagfolk tidt vantar. Dei vilde få levande

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0069.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free