- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
85

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Nordland og Finnmark

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

85

og fjell-plantar finn du attmed sjø-kanten her nord.
Rjupa flaksar millom fjøresteinane. Lemend råkar du
nedmed sjøen kvart år. Molte-myrane ligg nokre fot
yver hav-flata. Eg totte verkeleg det var høgfjells-Iu/t eg
saup i meg. Det er soli som gjer lufti so klår.

Soli gjer alle fargar sterke: gult, fiolett, blått, raudt,
grønt, sterkare enn sørpå. Når målarar sender oss bilete
frå Nord-Noreg, trur me dei hev smurt for tjukt på?
Men dei hev ikkje det. Meir grønt er graset ingen stad.
Difor hev eg aldri drukke gulare og feitare mjølk enn
der nord.

I Lofoten finst gardar på 25 kyr. I Vesterålen hev ein
stor-gard født upptil 100 kyr! Det lydest eventyrlegt.
Det tykkjest umogelegt når ein ser den tre-lause
Lofotveggen ris upp av Vestfjorden. Men det er so. Sumars-tid
gjeng kyrne ute. Dei sym frå holme til holme, fær gratis
salt i seg, et av det feite graset, og trivst framifrå. Det
var ei syn å sjå ein heil ku-bøling pusta upp magane og
leggja på sum!

#

Jordbruket kan heilt upp i Finnmark nyttast ut i det
uendelege. Det er både synd og skam at
sentral-admini-strasjonen her sør hev gjort so lite i den leidi.

Ei stor øy ligg der grøn og flat som eit lite Danmark.
Fylkesmannen hadde mykje av si inntekt av den øyi.
So selde Staten heile øyi til ein handelsmann for 13 000 kr.
Han selde æ-dun og molter for 4000 kr. året; det var berre
å pitla og plukka det inn. Kyr heldt han, so han hadde
til hus-bruk. Men når gjødsel-haugane vart for store,
flutte han floren, og sette eld på gjødsli! Rov-drift ?

Det vart sagt meg at dei i Finnmark jamleg sette
krøter-husi nær fjorden, so dei lettvint vart kvitt gjødsli!

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0087.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free