- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
89

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Nordland og Finnmark

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

89

senda helsing til Michelsens riksstyre, reiste prosten
seg upp og ropa: sender de hilsen, så sender jeg protest!
Dei vedtok å ikkje senda nokor helsing. «Men so skal
prosten veta at han har hindra 4000 menn og kvinner
å vise sin sympati.»

Ved bispevisitas på ein prestegard gjekk same prosten
upp og ned på golvet og lasta dei norske prestane for dei
ikkje hev lese «Konkordie-formelen», og endå vil dei
heita lutherske! «Har De lest den?» kviskra bispen til
soknepresten. Nei! «Ikke jeg heller!» sa bispen.

Ein annan prest fortalde meg at den same prosten
hadde vore hjå hån ved eit møte, saman med tvo
ung-karar, derimillom professor Odland. Dei var alle tri
samde um at «kvinnen skal være mannen underdanig».
«At dere to ungkarene ikke har bedre forstand, er rimelig
nok! men du prost, som har vært gift 2 ganger, du burde
ha mere vetx.» «Nei», ropa prosten, «der er ingen annen
tenkelig løsning i ekteskapet enn at mannen byder, og
hustruen lyder. Derfor er de ikke ordentlig viet uten efter
det gamle ritual. Der kom en skolemester til mig og
forlangte det nye ritual. Men han fik hele det gamle ritual i
vielsestalen; de er ikke ordentlig viet ellers. Der er ingen
annen tenkelig løsning i et hjem enn at mannen må
råde og hustruen lyde!» Det vart på resten vel mykje for
den sarkastiske Odland: «Der kunde jo tenkes den
løsning at de fikk rå hver sin dag?»

*



Ein annan Nordlands-prest, som sat der uppe i yver
tjuge år, klaka heilt til. Då han kom til eit prestekall
her sør, fekk han um eit bel det ettermælet: han hev kje
umvendt meir enn eitt menneske! det er dokteren, som
han umvende frå boston til 1’hombre! Same presten

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0091.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free