- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
91

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Nordland og Finnmark

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

91

vart det um notti. Då eg gjekk i land i Skjerstad kl. 2,
snjoa det reine fante-kjerringar. Soknepresten møtte meg
då dampbåten kom, det var ljose dagen: De er ein fæl
uvers-fugl! sa han. Men berre tri dagar etter hadde me
afrikansk varme yver heile Nordland. Den varmen varde
i tri veker. Eg rodde langs Lofot-veggen dag etter dag,
sat i atter-skoten i skjorte-ermane og sveitta! «No kunde
det høvt å klæ seg i Adams og Evas kostyme no, pastor!»

pusta og pæste ein av vær-eigarane.

*



Dei var som små-kongar vær-eigarane, hadde stort
hushald, og var grense-laust gjeste-venlege. Når me kom
til lands, vart me alltid vel mottekne, kor ukjende me var.
Ver so god! bordet stod ferdig-duka jamt! Etterpå:
vil de kvile, so ver so god! gjesteromet stod og venta!

Det var liten skilnad på natt og dag. At dei bad
selskap åt oss um notti når me venta rutebåten frampå
morgon-sida, det fall av seg sjølv. Fyrste sumaren eg
vitja Nordland, røynde eg midnattsol-landet på den måten,
so eg vart ut-sliten, og laut snu heimatt. Andre venda

freista eg leggja ruta mi, so eg slapp vera notte-vak.



Ruta mi i Lofoten var kunngjort i «Lofotposten».
Men soknepresten i Flakstad, min gode ungdomsven,
skreiv til meg: du greier aldri den ruta. Difor hadde han
heller ikkje lyst ut møtet mitt. Då eg um kvelden kom
roande yver pollen til Flakstad, såg eg flagget gjekk til
topps på prestegarden. Og so samla soknepresten heile
konfirmantskulen sin, og sende konfirmantane ut i alle
leider, til å kunngjera at eg skulde preika i kyrkja næste
dag: «han som stod i „Lofotposten",» ropa han til dei.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0093.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free