- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
101

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Striden um teologi og kristendom

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

xoi

Ein annan radikal teolog søkte professorposten i
kyrkjesoga. Han var dugande nok. Men han vart ikkje
utnemnd. Han var for radikal. Han skreiv i eit
blad-stykke at «kristendommen må tilpasses efter et
tids-dannet menneskes bevissthet». Det var då Arne Garborg
skreiv: «Dette er merkelege ord av ein teolog! Du skal
sjå det vert me fri-tenkjarar som kjem til å halda att no!
«et tids-dannet menneskes bevissthet!» hm! ein kunde

koma på hoste grunt, vatn der!»

#

Tilsetjingi av professor Johs. Ording skapte strid
for di han i si sakrament-læra var meir reformert enn
luthersk. Chr. Knudsen gjorde kabinett-spursmål på
ein formalitet: han kunde gå med på å utnemna Ording
til professor, men den eigenlege professor i dogmatikk
skulde vera Chr. Ihlen. Hadde han nekta å utnemna
Ording, spørst det kva Michelsen hadde gjort?

I 1906 heldt dei «stiftsmøte» landet rundt, der Ordings
sakrament-læra vart fordømd. På stiftsmøtet i Oslo sa
Erling Grønland: dere er noen store hyklere! deie tror
ikke så meget på dåpen som Ording en gang!

I Nidaros fekk biskop Wexelsen ei sakleg utgreiding:
kva lærer i grunnen professor Ording? Dei var usams
med Ording, men dei forkjetra han ikkje. Professor
Lyder Brun takka Wexelsen for dette. «Ja,» svara
Wexelsen, «jeg vil det skal være høi himmel over videnskapen,
således også over teologien! men så skal dere
videnskaps-menn la være å klusse med menighetens tro!» «Vi må vel
få uttrykkene i ritualet til å stemme med vår
overbevisning?» sa Brun. «Deres overbevisning? hvad har dere
videnskapsmenn med ritualet å gjøre? det er en
menig-hets-sak.» Dette hev Wexelsen sjølv fortalt meg, ord til

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0103.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free