- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
126

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - «Mål-prest»

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

126

Heradsstyret i Eidanger kasta dei tvo medlemer av

kyrkjetilsynet, som «hadde ført skam yver bygdi».



I Hallingdal gjekk det tidt varmt for seg.

Ein gong heldt riksmåls-sekretæren foredrag på ei
stemna på Geilo. «Her er ikke et menneske i landet som
kan landsmålet!» sa han. «Jau, eg kan det», svara Eskeland,
«og eg er då eit menneske!» «Nei De er ikke noe
menneske!» sa sekretæren. Då reis ein ung halling upp og
knytte neven dirrande av harm: «Vågar du seg ja at Eskeland
ikkje er noko menneske?» Han voks med han stod der.
Og sekretæren kjende det! Det kunde godt gjenge han
sameleis som ein gong på Voss, der dei peip han ut!
«det stod um livet!» fortalde han sjølv!

Hallingane hev stridt imot, alt dei vann. Men elles
hadde dei millom seg mange gasta målstrevarar, ikkje
minst dr. Brun, som i mange år var formann i
Hallingdals ungdomslag.

*



Den kyrkjekommisjonen, Karl Seip hadde uppnemnt,
gjorde eit godt arbeid.

Sokneprest Thv. Klaveness var formann og la alt til
rettes for organisasjon av «statskyrkja».

Professor Taranger, med Bernt Støylen og
stortingsmann Gerhardsen, slo til ljod for å skilja kyrkja frå staten.

Taranger var mest brennhuga i den leidi.
Utgangspunktet hans var «den levande kyrkjelyden av sanne
kristne». Hjartelaget hans vida ut programmet til «fri
folke-kyrkja». Men han vilde ha røysteretts-reglar som stengde
ute dei «uverdige». Dermed vart folkekyrkja sprengd.

Eg tala saman med Taranger på ei lærar-stemna i

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0128.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free