- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
128

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - «Mål-prest»

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

128

17. mai kom heile bataljonen marsjerande til messa.

Eg tenkte det burde vore so ved kvar messa. Men
det skulde vera ei friviljug sak.

Når dei låg på vollen og spela kort, medan eg gjekk
framum, høyrde eg sume sa: skal me ikkje lyda messa?
men um dei tri vilde, hende det den fjerde sa nei, og so
kom ingen av dei!

Eg skulde tala på ungdoms-stemner nokre sundagar;
Hønefoss-presten lova vera vikar på moen. Men biskop
Bang nekta permisjon! Det kom interpellasjon i
Stortinget um den nektingi. Kyrkjeministeren svara berre at

bispen laut vega kravi mot kvarandre.

*



Verre var det året etter at eg ein dag fekk brev frå
biskopen: nu kan jeg ikke spare dig lenger! fra x. mars
må du styre Askim prestekall.

Eg skulde ha elevar upp til artium og til
lærar-eks-amen. Skulestyraren skreiv difor til departementet og
kravde vern um «skolens interesser». Eg slapp fara til
Askim.

Men so kom bod frå departementet at eg måtte segja
frå meg skuletimane mine. Det var leidt. Eg hadde
hugnad av skulearbeidet.



Eg kom no til å gjera lange utferder på 3—4 veker:
i Trøndelag, i alle dalane, i Agder og i Rogaland.
Ungdomslag og folke-akademi gav meg vederlag for
skule-inntekti.

*

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0130.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free