- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
136

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Bondeungdomslaget i Oslo

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

136

Men mest namngjete av alle møte var den kvelden
statsminister Wollert Konow tala der. Den tala kom til
å fella heile riksstyret hans.

Han var gamal høgskulelærar og målmann frå
ungdomen. Då han stod framfor den staute bondeungdomen,
fekk minnet makt yver han. Han vart varm i hugen.
Tungebandet losna. Ingen opportun politikk skulde
meinka han i å vedkjennast målsaki, sa han, han vilde vera
med i arbeidet for å gjera nynorsk til riksmål i Noreg.

Det braut laus ein storm av uvilje frå hans eigne
partifolk. «Her gikk vi og stemte med høire, og så fikk vi en
målmann til minister-sjef!»

I Stortinget tok krigskommissær Bratlie offensiven.

Dei fire gamle høgremenn i riksstyret søkte avskil;
millom deim var kyrkjeministeren Quigstad; han hadde
elles vore ein lojal mann dei tvo åri han var
departementssjef. Av gamle vinstremenn som var gjengne inn i Konows
ministerium var Abr. Berge og Sven Aarrestad
målvener. Høgre-veljarane kunde nok klaga yver at dei var
svikne!

Konow freista få fire nye riksrådar. Han sa til Bratlie:
«Der er et ordtak som heter hauk over hauk, men det er
også ett som heter hauk over hane!»

Bratlie fekk likevel fleirtalet med seg. Konow laut
slutta.

Eg minnest det var stor triumf millom
«riksmålsfolket» i Oslo: no skal målmennene få veta kvar skåpet
skal stå! Bratlie skulde taka offensiven mot målstrevet!

Og so laut han finna seg i å taka målmannen
Liljedahl til kyrkjeminister! Ved eit prestemøte i Oslo
bispegård kom biskop Bang burt til Hognestad og meg:
gratulerer med kirkeministeren! Ja det gjekk troll i motstrevet!

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0138.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free