- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
138

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Bondeungdomslaget i Oslo

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

138

Me fekk ordet «høg-norsk», som peika på at norskt

mål skulde koma i høg-sætet på alle leider.

#

Millom teater-instruktørane er Rasmus Rasmussen
verd å minnast. Han vigde mykje av sitt liv åt «Det norske
teatret», fér ikring med ein liten flokk og synte fram
spel-stykke. Sjølv spela han Jeppe og Paulus Hove.

Han var med på mange ungdoms-stemner, las upp, og
song gamle folketonar både til salmar og til viser. Ved
stemne-gudstenester minnest eg sers kor vent og
gri-pande han song dei gamle salme-tonane som no var dregne
fram or gløymsla. Han gjorde godt arbeid med å syngja
dei inn i ungdomen.

Han hadde mange soger å fortelja, Rasmussen.

Fyrste gong eg var i lag med han, fortalde han frå
Amerika. Ein amerikansk professor i boksoga hadde
sagt til han: me vil ikkje ha noko av Ibsen! me
ameri-kanarar skynar ikkje Ibsen! og me vil ikkje skyna han!
Det gav eit bilete av det litterære nivået.

Rasmussen gjorde visitt hjå ein guvernør, ein sogning.
Portnaren hans var trønder, gav guvernøren det
vitnemålet: han kan so vidt skriv namnet sitt, men han e ein
bra mainn! Sjølv sa guvernøren til Rasmussen: well!
eg var fem aor dao eg kom hit, og no e eg guvernør! det
er godt gjort, you know! Rasmussen la til: eg trur snaudt
dei kunde brukt han til amts-kontorist her heime! men
presidenten i Washington kunde lita på han: han var
ein bra mainn!

Siste gong me var i lag, for 15 år sidan, fortalde
Rasmussen noko han hadde upplevt på ein fjordbåt i
Romsdalen. Ein gamal mann sat og snakka um biskop
Gleditsch: «Det må vera ein Guds straffedom at vi har fått

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0140.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free