- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
170

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Ljos og varme i kristendomen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

i6o

utan me lever eit reint og ærlegt menneskeliv. Det veit
Gud. Difor segjer han det til oss, — plent som når mor
seg jer: du må kje putta handi inn i varmen, barnet mitt!
for då brenner du deg!

Er det ikkje turvande å gjeva norsk ungdom sovore
syn på Guds lover? Det er synd på ungdomen vår at

han hev fenge eit falskt umgrip av fridom.

#

Prestar og profetar hev fordømt mange av dei sakene
som vaken ungdom hev hug-lagt.

Det gjeld målsaki. Det gjeld fråhalds-saki. Eg minnest
det vel. Det gjeld freds-saki, som beint fram av prestar
fekk stemplet «heidendom». Det gjeld kvinnesaki. Det
gjeld sosiale umbøter. Det gjeld politisk sjølvstende.
Visst og sant hev mange kristne gjort stor synd mot
ungdomen soleis.

#

I foredraget um «Åndsmakti i Blix-salmane» kunde eg
peika på kor Blix hev lært norske kristne å elska heim og
fedraland, og alt som er vent og edelt.

Blix hev gjeve oss fedralands-salmen, 17 mai-salmen,
olsoksalmen, reformasjons-salmen, ungdoms-salmen.

«Hugleg song med kveik i mod, gudleg song frå ærleg
bringa, alt kan yndig saman klinga til ein høgsong for
vår Gud.»

Blix hev lært oss at me kan ikkje elska heimen for
mykje, me kan ikkje elska fedralandet for mykje. Eg
spurde fleire vender: trur du du kjem til å elska Gud
meir, med di du minkar på kjærleiken til fedralandet?
Å nei. Du kan hugheilt elska dine varme hugmål — i tru

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0172.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free