- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
177

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Ljos og varme i kristendomen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

177

glad ved tanken på at vårt norske tungemål skal få være
med der.» «Det er fælt kva ein lyt høyra av ein prest,»
svara gamlen, «og når presten vår seg jer dei skal snakka
landsmål i himmelen, so set ikkje eg min fot i kyrkja meir.»

Kyrkjetenaren der i bygdi ringde so vidt med
kyrkje-klokkene då eg skulde preika. «Eg skal ringja,» sa han,
«men so gjeng eg heim.»

Det hende meg fleire stader at både klokkar og
kyrkje-tenar streika. Eg laut ringja med kyrkjeklokkene sjølv,
og so gjekk eg ned, bad inngangsbøni i kordøri sjølv, og
heldt so fram med gudstenesta. Nokre stader gjorde
soknepresten klokkar-tenesta for meg!

Det er tvillaust at sovorne harde og sure kristne kunde
skræma ungdomen.

Det var turvande å forkynna ein meir menneskeleg
kristendom, med rom for alt sant og reint menneskeliv.

I foredrag um Ibsens «Brand» la eg vekt på at Brand
var ein u-menneskeleg hard kristen meir i pakt med
toreguden frå Sinai enn med Jesu Kristi evangelium. Agnes
var Guds-barnet som vilde legg ja alt sitt liv inn i
kristendomen.

Til alle sure og myrke kristne hadde eg eit framifrå
ord av bispefrua Henriette Gislesen: alt det tunge du hev
å stri med, tvil og synd og sut og motgang, det høyrer
Gud og deg sjølv til, og løynromet ditt! men alt det gode
Gud gjev deg, freden og gleda og trui og kjærleiken, det
høyrer dine medmenneske til.

Me hev kje lov å la det som tyngjer oss gå ut yver andre.
Det skal me gå til Gud med. Gjer me det, vil Gud letta
byrdi og gjeva oss noko godt å gå til folk med.

Nordmannen vil tidt verta tung-lynd. Det ligg visst

12 — Auker: Ungdomsprest.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0179.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free