- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
179

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Ljos og varme i kristendomen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

179

ungdom ikkje er umvend, so kvittar det eitt korleis han
lever. Jamvel kristne foreldre hev sagt um borni sine
når dei sulka seg i synd: det er likso godt det! di fyrr
kjem dei tilbake.

Ungdomen hev fenge i seg det munar inkje å leva eit
godt og skikkelegt ungdomsliv!

Jesus sa aldri det er lettare for grove syndarar å koma
inn i hans rike. Det han sa var dette: jamvel dei som er
lengst burtkomne, dei som hev so vanskelegt for å finna
vegen heimatt, jamvel dei gjeng inn i Guds rike fyre
hykla-rane. Jesus sette aldri premi for synd.

Eg tok det som ein agitasjon for kristendom og ungdom
å preika imot den ukristelege og ubibelske forkynning i
den vegen.

#

Sume meinte det var Grundtvigs «glade kristendom»
eg forkynte. Det kunde eg trygt vedkjennast.

Eg meiner at det dei kalla grundtvigsk ånd i grunnen
er Jesu Kristi ljose og varme ånd.

Eg meiner Grundtvig nya upp att den rette lutherdom.
Gong på gong hev eg minnt um at den ortodokse tyske
kyrkjehistorikar Rudelbach til-eigna si bok um
reformasjonen «An N. F. S. Grundtvig, den Erneuer des rechten
Lutherthums». Eg fekk låna den boki i studentdagane
av ein professor: han vilde gjerne at hans elevar skulde
verta ivrige lutheranarar!

Eit morosamt hende er då kong Oscar kom til Vinje i
Telemark og møtte sokneprest Vilh. Poulsen med
spurs-målet: er her mange dissentere eller grundtvigianere
her i Vinje? Han vart ille ved då Poulsen svara: her er
ingen dissentere, men jeg er grundtvigianer. Kongen
var ordhitten: «Å ja,» sa han, «grundtvigianismen er jo i

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0181.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free