- Project Runeberg -  Barndomsminne /
15

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

handverk; handverkarar var lenge meir
naud-synte enn både fut og prest.

I 1848 var byen ved lov grunnlagt. Seks og
tjugande april sanksjonerte kongen
stortingsved-take um "en kjøbstads oprettelse i Vangs
prestegjeld, Hedemarkens fogderi og amt".

Like til 1871 var bygrunnen berre 400 mål,
og hadde lenge berre ei nemnande gate:
Strandgata, der alle hus hadde andlit mot Mjøsa og
dei koselege hagane på strondi. Dei gode
borga-rar i Strandgata drakk um sumaren
ettermiddags-kaffien sin i hagen, og kaffibrette måtte dei bera
tvers yvi gata. Men kva gjorde det. Kom eit
menneskje slengjendes der, var det ein granne
og god kjenning.

Køyredoningar var sjeldan å sjå, og kom det
ein, so var jamvæl det "kjinns folk". Bøndar frå
Furnes, Vang eller Stange, som ofte stogga og
fekk sin kaffikopp med. Elles var det helst um
mor-gonen dei kom inn til byen med matvarone sine.

Strandgata, den vakraste gata i verdi, var i mi
tid trygg som ein innbygd barnehage. Der kunde
me "trille i holoa" og hoppe paradis so mykje
me lyste.

1 1868 skreiv ein forfattar i Folkebladet, at
alt ("da jeg sidste gang var der og byen nylig var
oprettet") gav inntrykk av noko halvt og uferdigt:
hus som nett var upptømra, "ubanede gader, op-

2 — Garborg.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0019.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free