- Project Runeberg -  Barndomsminne /
18

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

meg undav, til Arstad eller Diesen eller andre
paradis eg bar i hugen som ei lengting og ein
sæl draum altid.

Men Marja var ikkje sentimental. Når eg tok
mor kring halsen og kysste henne, snudde ho
seg burt og sa tvi! Slik kjæling var mot all
folkeskikk.

Og når eg ikkje vilde leggje meg um kvelden
lest ho skjenne: "Ti still nå, svivelsvansen, og
få tå dei fjøra!"

Svivelsvansen var kjælenamne ho jamt bruka
på meg, elles heitte eg Krølltoppen i heile byen.

Eg tykte Marja var so ven, endå eg måtte le
av den innfalne munnen som togg med tannlause
gomer. Ho hadde altid reint, kvitt stive-skaut
på hovude og stiv brun verkenskjole. Og når ho
tok av seg skaute um kvelden knytte ho det
aldri upp, men tok det varsamt av og sette det
på borde, so det stod der som eit "tomt hode".
Det var mi store frygd. "Den je — mener — nå,"
sa Marja når dei tala um det som hendt var på
Saastad. Eg lærde snart å skyna det var far dei
tala um. Og eg fekk høyre um lag og baller, um
kortspel, um hestar og hundraddalarsetlar, um
mat og drykk, so det knapt hadde vore verre i
lendermannen Halvards tid.

Og Marja kunde ofte få mor til å le, når ho
fortalde frå "stortia", som ho kalla det. Ja, det

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0022.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free