- Project Runeberg -  Barndomsminne /
20

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Men so ein dag fylgde eg dei tvo systerne mine
på dampskipsbrygga, der dei skulde møte far.
Då såg eg han for fyrste gong som eg minnest.
Eg skulde be han um ein kjole, men det var
hardt å få det til. Han stod der framfyre meg
so høg og myrk. So uvanleg høg og myrk.

Då eg fekk sagt det um kjolen, som helst
skulde vera skotsk, slo han ut med handi og
smilte. "Du har da så pen kjole," sa han. Men
då vilde gråten upp og eg fekk sovidt sagt, at
kjolen min ikkje var pen. "Han er laset".
Ferdinand stod med ein gong for meg.

"Pytt," lo han, "sy og sprette, binde og rekke!"

Og so ringte Skibladner, og dei sprang
um-bord.

Då båten gleid frå brygga stod dei og vinka
til meg. Dei klengde seg tett inn til han — var
so glad i denne far sin, som eg ikkje kjende, men
frå denne stundi tenkte på, lengta etter i
løyndom, endå so sårt det var, at han ikkje gav meg
kjolen.

Seinare skyna eg, at han dengongen sjølv hadde
mist alt han åtte.

Eg var ikkje høg i hatten då eg kom heim
etter den turen og hadde set Skibladner reise
burt med Martha og Sofie. Dei lukkelege som
fekk sigle inn i blanke eventyre.

Til Kristiania!

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0024.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free