- Project Runeberg -  Barndomsminne /
31

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

oss og skjemde oss burt med chokolade, kakor
og morosam skjemt når me var flinke, men hædde
oss so me mest kraup under borde når me var

W J II

dumme .

I mi tid var han lærår ved Borgarskulen, og
den var berre for gutar. Men ein gong tok han
Pauline Evensen, dotter til gullsmeden, som las
engelsk i lag med meg, og meg upp i ein
gute-klasse der me fekk høyre på ein engelsktime.
Me var byrge, men gutane var rasande. Fleire av
dei rauk på oss i akebakken um kvelden, so det
vart villt slagsmål. Pauline kom sidan til Oslo
og skulde ta guvernante-eksamen, men døydde
der inne.

Brock hadde ogso tvo unge herrar som
privat-elevar. Den eine var seinare sanitetsoberst
In-gjald Reichborn-Kjennerud, som i si tid vart ein
friviljug framifrå (ulønt) medarbeidar i Steinar
Schjøtts Dansk-Norsk ordbok. Schjøtt segjer i
fyreorde, at "en del medicinske og anatomiske,
samt mange botaniske og en mengde zoologiske
navne skyldes ham". Ein gong møtte me Brock
med desse tvo elevane; dei kom frå symjeøving
i Mjøsa. Han var uppglødd for sport og sa, at
ogso småpiker skulde lære å symje. Det var
so herlegt! Fyrr me slutta hjå han heldt han
chokoladelag for dei tvo herrane og Pauline
og meg.

3 — Garborg.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0035.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free