- Project Runeberg -  Barndomsminne /
34

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Eg ser det som eit Iivande bilæte for meg når
eg vil.

Kva det var i vegen, veit eg ikkje meir, men
ein dag vart eg "uskikkelig" i futegarden, skreik
og vilde heimatt. Og Bay sa til ei tenestgjente,
at ho skulde ta meg på ryggen og bera meg
heim. Me budde ikkje langt undav då. Men då
eg væl sat på ryggen til gjenta kom futen med
ein heil geitost knytt i ein salvet og batt på min
rygg att. ’Og så får du komme igjen når du
blir blid da Toppen," sa han. Eg ser han enno
stå i porten sin og le godsleg, med’ det lange
kvite håre bles til vers kring det store hovude
hans.

Og då vart eg nok fort blid. Ingen var då
som gamle-futen!

*



Og so var det bakar Solberg! Han som hadde
butikken sin på hyrne rett yvi for Viktoria hotel
i den låge, koselege garden, der det enno er
bakar-bu — akkurat like låg og hugleg som
Solbergs.

I den garden kom mor og eg til å bu ei tid,
og då vart Solberg som ein liten vårherre for meg.

Mor reiste i den tidi til Christiania ein tur. Ho
hadde ei syster der som var gift med
navigasjons-lærar Fredrik Stokke, han som hadde ein av dei

34

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0038.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free