- Project Runeberg -  Barndomsminne /
42

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

på Saastad. Sidan leigde han seg inn på Diesen
i ferietidi um sumaren.

Navigasjonsskulen hans gjekk lenge svært godt,
trur eg. Eg minnest skulen og den gode heimen
best frå den gamle garden i Møllergata, (17?)
med svalgangar kring eit stort gardsrom, der
" Fedraheimen" seinare fekk kontor. (11884 gjekk
eg på målskule der hjå Ivar Mortenson, som då
var redaktør etter Garborg).

Altid var det fest når onkel Stokke kom til
Diesen med huslyden sin. Han var ein godsleg
og munter mann, gift med syster til mor. Hadde
vore på Ishavsfart i ungdomen og var full av
moro, ordtak og historier. Og den staselege
Die-sen-enkja, Anne, som var likso god skipper på
si skute, den herlege store garden, som han
vis-seleg hadde vore på si, ho lika seg når’n Stokke
kom. Dei var snilde og godslege båe, men kunde
vera strenge og. Dei vilde ha orden i alt.

Onkel Stokke var litt av ein matkrok.
"Ku-stek og hanefrikasse" vilde han vera fri for, men
den trauste gode Heidmarksmaten sette han stor
pris på.

Heime i Oslo gjekk han altid sjølv og tok ut
sundags-steiki hjå madam Mikkelsen på
Youngs-torge. Det var ingen "basar" den tidi, dei gode,
velkjende "slakterborgarar" stod ved sine bord
under telttak nedst på torge, der frukthandelen

42

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0046.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free