- Project Runeberg -  Barndomsminne /
85

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

hjelpte. Snart hoppa eg som ein killing frå svill
til svill. So morosam veg hadde eg aldri vore
på fyrr.

Men dryg vart han likevel, og eg var glad då
me endeleg sat ved duka bord i den vesle
heimen til Berte.

Skansen var berre ein "plass", men hjarterome
var stort i den vesle stova. Og den tette
løyndomsfulle olderskogen attanfyre var full av
kvitrande fuglar, kvitsymre og bekkje-gull. Og
millom stein og blømande mose-tuvor klukka og
småsong bekkjen, der åkjyte1 og æling2 smatt
som blenkjande sylvpilar upp og ned i ævleg
leik. Stor moro var det å ause upp bekkjefisken
i små blekkspann og springe heim og få dei steikt
i rjome.

Elles budde huldra inni olderskogen. Og ein
dag eg sat på ei klopp yvi bekken og fiska,
kvakk eg, so eg nær hadde stupt på hovude i
vatne. Millom trei litt ifrå meg såg eg huldra.
Ho hadde grøn kjole og gullhår som fløyma
um rygg og akslar. Eg var åleine og vilde skrike,
men fekk ikkje ljod fram.

Ho stod der fyrst og berre stira. Men so med
eingong smilte ho, og Berte stod der ved sida
av henne.

1 Åkjyte, "bekkjefisk", fingerlange og forlivande.

2 Æling: Yngel (av ala).

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0091.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free