- Project Runeberg -  Barndomsminne /
87

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Og kring hals og handled hadde ho kvit
knipling-krus.

Og hendane! Aldri hadde eg sett so fine
hendar. Og då dei tri døtterne stod der saman
med mor si, vart heile stova liksom full av
solskin og gullhår.

Der i garden kunde ein i sanning tala um
hårfagre kvende.

Parykken til den danske bokhandlarfruva på
Hamar var ingenting mot "korketrekkerkrøllene"
til Bergljot Dreier! Det slo eg strakst fast for
meg sjølv. Og Bergljots sat fast. Parykken til
fru K. med dei lange myrkebrune krøllene i
tjukk rove nedetter nakken og det høge
krus-håre framme, hadde mest skremd live av meg,
då eg fyrste gongen såg han hang på
nattbord-spegilen hennar. (Den same fruva hadde ogso
den største "kø" som var set på Strandgata, og
den einaste "skjødehunden").

Men på Harstad trong dei ikkje parykkar.

Harstaddamone var dei som gav tonen i
bygdi; både bøndar og kondisjonerte tok gjerne
etter dei i alt.

Fru Dreier sjølv var musiklærar og hadde
elevar ogso frå dei større bondegardane, og for
alle var ho det store mynster og fyrebilæte.

Mine sterkaste inntrykk av Harstadheimen
hev eg elles frå nokre år etter mi fyrste vitjing.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0093.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free