- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
15

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

15

lukkeleg av det. I staden vart han ulukkeleg trass i
alt han kara til seg. Fy so stygg han var då han nytta
høvet og narra Esau til å selja odelen. Og endå verre
då han narra den gamle blinde far sin! Eg tykkjer
meste ikkje noko so ufjelgt som å narra blinde folk.
Yi hadde ein blind organist i Ullensvang i mange år.
Han var makalaus glup til å finna fram på vegane, so
han greidde seg godt. Ein gong han skulde ned på
bryggja i Odda, sa ei kona til son sin: du skal fylgja
Guttorm. Guten hadde ikkje hug. Og Guttorm hadde
heller ikkje hug: eg greier meg åleine eg. «Du skal!»
sa mori. Og tenk, so leidde guten den blinde mannen
beint på ein stolpe, so han slo andletet til blods. Den
guten trur eg ikkje vart noko lukkelegt menneske. Alt
sovore kjem att det, ser du.

Og so at Jakob kunde ljuga so grovt, og jamvel
snakka gudleg lygn: «Herren din Gud sende dyret
imot meg,» sa han. Og du veit det var ikkje sant. Han
fekk svi for det Jakob, og det heile sitt liv. Alt sovore
kjem att det, ser du. Eøma frå heimen sin laut han.
Og han såg aldri att mor si. Til morbror Laban rømde
han. Og der heldt han ved å lura seg fram. Det er ei
ufysi soga korleis store-Laban og vesle-Laban narra
kvarandre. Jakob fekk yvertaket, han var den luraste.

Det kom ein dag han laut lura seg vekk frå Laban
på heimveg til fedralandet sitt. Men det var ikkje so
beint: Laban kom etter han. Og Esau kom imot
han med 400 mann. Jakob freista med revestrek då
og: sende mykje fint fe til Esau; han visste Esau var
glad i gode beist. Men trygg kjende han seg ikkje.
Den notti han gjekk der åleine i myrkret, kjende han
seg maktlaus og rådlaus. Han kom i slik sjele-naud
at det var bokstavleg som hau tok tak med ein sterk
marni. Og det var Gud sjølv han laut stridast med.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0017.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free