- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
30

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

30

hamaren var guden deira. Største æra i livet var å slå
ned for fote.

Åsmund Vinje segjer um dei: I myrke villa tidt
dei rava. Men endå er det sanne ord: dei åtte det som
du må hava um ein gong du skal verta stor.

Kva var det då? Jau dei åtte mod og offervilje,
dei åtte tru og tiltak. Og soleis var det med Josva ög.
Josva er eit lysande mynster for alle tider på tru og
mod og offervilje. Det var ikkje for ingenting han hadde
vore med Moses i 40 dagar på Sinai-fjellet. Då israelitane
miste modet, for kanaanitane var altfor store og sterke,
då sa Josva: «Ver ikkje redde! Herren er med oss!»
Han hadde tru til Gud.

Difor tok Josva hovdingromet etter Moses. Gud
segjer: «Eg skal vera med deg, liksom eg var med Moses!
aldri skal eg sleppa deg og aldri forlata deg! ver sterk
og stø! At kanaanitane laut vika for israelitane, hadde
sin gode grunn: kanaanitane var gamle og utlevde og
rotne, israelitane var eit ungt folk. Det gjekk som i
folkevandringstidi då dei unge germanane tok land frå
dei gamle utlevde folk i Europa. Soleis gjeng det jamt
i heims-soga: dei gamle lyt døy, dei duger ikkje lenger
til å leva.

*



Men kanaanitane stod yver israelitane i kultur,
same-leis som romarane og grekarane åtte meir kultur enn
germanane. Moses stod høgt, Josva ogso. Men elles
stod Israelsfolket lågt. Dei var meste som småungar
på 2—3 år. Du veit 2—3 års ungar hev ikkje mykje vet.

Israelitane laut ta kanaanitane til læremeistrar.
Israelitane hadde vore nomadar, det vil segja at dei
flutte frå beite til beite. No skulde dei setja bu, byggja
seg heimar, og dyrka jordi. Alt det hadde kanaanitane

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0032.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free