- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
34

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

6.

Moabit-kvinna Rut.

Syng nr. 637, v. 1—3.

Moabitane budde austanfor Daudehavet. Då
israel-itane var komne so langt på ferdi til Kanaan, slo dei
læger på moane der. Moabitane vart redde, og kongen
deira sende bod etter ein profet som heitte Bileam:
kom og bed ei våbøn yver dette folket! eg veit at den
du signar er velsigna, og den du bannar er forbanna.
Mange pengar skulde Bileam få til løn. Og endå han
visste at Israel var Guds folk, so fylgde han bodet.
Men då han skulde til å opna munnen, velsigna han
Israel. Moab-kongen ropa: kva er det du gjer? eg fekk
deg hit til å banna fiendane mine, og so velsignar du
dei! Bileam svara: eg kan ikkje segja anna enn dei
ordi Herren legg meg i munnen. Det viser at Bileam
var ein sann profet, og at Herrens Ande kom yver han
når han tala profet-ord. Tri gonger freista Bileam å
banna Israel; han var huga på å tena dei pengane!
Men det gjekk like eins. Du kan lesa um det i 4.
Mosebok. Tridje venda var det han bar fram dei namngjetne
profetordi um «stjerna av Jakob»: eg skodar han, men
ikkje no! eg augnar han, men ikkje nær! ei stjerna som
or Jakob stig!

Bileam var ein stor profet; men han var eit låkt
menneske: då han ikkje tente pengane med
spåmanns-yrket, so gav han Moab-kongen ei djevelsk råd: du

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0036.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free