- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
43

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

43

på udyret og gav det bane. Kan du tenk ja det er sant?
Eg veit det hev hendt noko av same slaget her i landet,
at ein gut greidde ein bjørn som kom mot han på tvo
med gapande kjeft: vinstre armen putta guten langt
inn i svelget på bjørnen so han ikkje kunde bita, og
med høgrehandi dreiv han kniven inn i b jarta på bjørnen.
Det var eit under. Men David meinte som so at når
Gud er med oss, so røyner vi mangt eit under.

Saul smilte til David, ungguten som vilde slåst med
Goliat. «Du f ær prøva våpenkjolen min og sverdet
mitt og brynja og koparhjelmen min,» sa Saul. Men du
veit dei var altfor store til David; han såg ut som ein
jolebukk då han kom i Sauls herbunad. Nei David
la i veg berre med gjætarstaven og slyngja. Goliat banna:
kom bit du! so skal eg gjeva kroppen din åt fuglar og
villdyr. «Du kjem imot meg med sverd og spjot,»
ropa David, «men eg kjem imot deg i Herrens namn.»
Og so veit du han vann. Israelsheren jubla,
filistar-heren rømde.

Det vart ei festleg heimkoma for Israels-sønene.
Kvinnene kom syngjande og dansande imot dei. Dei
hadde laga ein sigersong med umkvædet: tusen tynte
kong Saul, men David tie tusen! Dei smurde tjukt på:
David hadde felt ein einaste ein, og Saul hadde ikkje
felt nokon. Men Saul vart brennande harm og
ovund-sjuk på David.

Det var ein tragedie med Saul. Veit du kva ein
tragedie tyder? Syrgjespel heiter det på norsk. Ei
syrgjeleg soga var livssoga hans Saul: ho tok til so
strålande, og enda so ynkeleg. Han gjekk sine eigne
vegar, i staden for å berre lita på Gud. Og so gjekk det
gale. Han miste modet, vart tunglynd, fekk rider av
sinnssjukdom.

Yi kjenner frå Noregs-soga ein sovoren sinnssjuk

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0045.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free