- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
53

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

53

Akab gav seg på det, endå han var fælt leid for han
ikkje fekk kjøpa det jordstykket han hadde hug på.
Men Jesabel sa: eg skal læra den bondetampen! Og
so laga ho ein komedie med falske vitne og urettferdige
domarar som dømde Nabot frå livet. Han vart steina,
for gudsspotting, sa dei. Og so gjekk Jesabel inn til
Akab: no kan du få Nabots vingard! Slik var ho.

Endå verre var det at ho bygde seg tempel for
fønikargudane Baal og Astarte. Den avgudsdyrkjingi
var sameint med fyll og ulivnad. Bondeungdomen i
Samaria vart fjetra av all den luksus som Baals-templet
hyste. Mange hundrad prestar gjorde tenesta der.
Eit veldigt orkester og veldige songkor med
sanse-kveikjande musikk! Flott utstyr, gull og dyre Steinar,
meir enn Salomos tempel i Jerusalem. Og fin røykjelse
strøymde mot alle som kom inn i Baals-templet. Det
var nett som ein amerikanar sa då han kom inn i ei
romersk-katolsk kyrkja: that’s religion! you may see,
you may hear, you may smell religion! Det er religion
det: der kan du sjå og høyra og lukta religionen!

Mykje annan luksus førde Jesabel inn i Samaria,
i husbunad, i klædebunad, i matstell og selskapsliv.
Ein av dei profetane der nord som hev skrive
profet-bøker heiter Amos. I Amos-boki kan du lesa um det:
«På filsbeinssæte dei ligg. Og late på pallen dei heng.
Gjødkalv-bingen gjev steik. Av bollar drikk dei vin,
og med dyraste olje seg salvar!»

Frå Samaria kom motane til Jerusalem. Jesabels
dotter Atalja vart dronning i Jerusalem og førde med
seg same luksusen. Du kan lesa i 3. kapitlet i
Jesaja-boki um all den fine klædebunaden gjentene tok til å
pynta seg med: panneband, øyredobber, armband,
fot-kjeder, fingérgull, naseringar, slør og flor, lukteflasker
og speglar.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0055.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free