- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
58

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

10.

Profeten Jesaja.

Syng nr. 101, v. 1.

Jesaja er kongen millom profetane. Som ei kongeørn
flyg han yver viddene, med utsyn yver heile verdi, med
framsyn mot tidene som kjem, og med djupsyn inn
i dei duldaste løyndomane.

Jesaja var av kongsætt, av Davidsætti. Hoff-folki
og kongslyden totte han kasta seg vekk med di han vart
profet. Det var plent som når ein prins i våre dagar vert
lækpreikar. I staden for å dyrkja statsmannskunsten
og verta diplomat, vart Jesaja domedags-preikar mot
hoffet og storfolket i Jerusalem. Det han preika var
dom og undergang til straff for synd og gudløysa.
Jesaja valde, som det heitest um Moses i Hebrearbrevet
(11,25), «å heller lida vondt med Guds folk enn å ha ei
stuttvarig njoting». Skynar du at Jesaja gjorde rett?
Skynar du at Jesaja vann større lukka med å velja
Guds vilje?

Eller skal vi segja: han hadde ikkje noko val? han
laut ly da då Gud kalla han! I 6. kapitlet i Jesaja-boki
fortel han sjølv kor det bar til. Han såg i ei syn Herren
sitja på ein høg kongsstol, og slæpet på klædnaden hans
fyllte templet. Serafar stod ikring; kvar av dei hadde
seks venger; med tvo løynde dei andleti sine; med tvo
løynde dei føtene; og med tvo flaug dei. Dei ropa til

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0060.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free