- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
60

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

60

sjå andletsdrag!. Soleis var det frå fyrstundes med
Israels Gud: det var slør som løynde Guds andlet for
folket. Profetane letta på sløret, so Israel fekk sjå meir
av Guds andletsdrag. Ja vi kan segja: profetane drog
det eine sløret til sides etter det andre, — til dess Guds
andlet lyste fram i sin fulle herlegdom i Jesus Krist.

Du må lesa i Jesaja-boki, og sjå til å verta kjend
med nokre av preikene hans. I 1. kapitlet talar han
mot dei åndlause offer som folket bar fram: kva skal
eg med alle slaktofferi? Det ser ut til at profetane
fær klårare syn for gudsdyrkjing. Slik som den 50.
salmen segjer: skulde eg eta kjøt av stutar? og drikka
blod av bukkar? Det er andre offer Gud vil ha: ofra
lov og takk til Gud! den som ofrar meg takk, han ærar
meg, og den som gjeng den rette vegen. «Lær å gjera
godt!» segjer Jesaja, «legg vinn på det som rett er!
hjelp den farlause til å få rett, før sak for enkja!» Vi
skynar det var mykje fanteskap som gjekk fyre seg i
Jerusalem. Dei vilde vera Guds folk, og dei heldt sine
skikkar; men dei gjorde urett og levde stygt. Det
skyna Jesaja var rådlaust: høgtidsferd og fanteferd
hand i hand — det høver ikkje i hop. Som Jesus sjølv
segjer: Jesaja tala sant um folket: med lippene lovar
dei meg; men hugen er langt ifrå meg.

Men so hev Jesaja i 1. kapitlet eit strålande
fagnad-bod å bera fram: «Um syndene dykkar er som purpur,
so skal dei verta kvite som snø!» Hev du høyrt noko
so herlegt? Gud vil reinsa oss, og gjeva oss den
snøkvite brudlaupsklædnaden, som høver i den store kvite
flokken for Guds kongsstol.

I 2. kapitlet ser Jesaja alle folkeslagi kjem til
Herren og vert hans folk. Det er heidningmisjonen
han ser fram til. Du veit vi nordmenn var heidningar;

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0062.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free