- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
64

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

12.

Kong Josia.

Syng nr. 534, v. 1.

Kjenner du kong Josia? Du må lesa um han i 22.
og 23. kapitlet i 2. Kongebok. Yi har mykje å læra
av han.

Åtte år gamal vart han konge i Jerusalem. Tenk
berre åtte år gamal! Han var ein god gut, som heldt
seg nær til Gud frå barndomen, stend det. Det fylgjer
stor velsigning yver heile livet for dei som vil vera
Guds born frå barndomen, so dei fær leva heile sitt
liv i pakt med Gud. Det er det vi strevar med i skule
og heim: at borni våre som er døypte og hev fenge
barnerett hjå Gud, aldri må snu ryggen til Gud.

Då Josia var sekstan år gamal, berre ungguten,
då stend det at han gav seg heilt til Gud. Det var
som ein konfirmasjon det. Du veit når du vert vaksen,
segjer mange: no er du fri! no kan du slutta med alle
lekser og salmevers og bøner. Og mange snur seg ifrå
Gud når dei vert vaksne. Det er vondt å sjå mange
konfirmantar sluttar å gå i kyrkja, sluttar å beda,
sluttar å lesa i Bibelen, og ikkje gjeng dei til altars.
Det hev jamvel vore sagt: det ser ut som vi
konfir-merar borni burt frå Gud.

I Garborgs «Haugtussa» skildrar han korleis djevelen
held konfirmasjon millom ungdomen og lærer dei upp
til å gå sine eigne vegar. Han høyrer dei i sine bodord,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0066.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free