Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
94
no hev eg levt i tvang heile barndomen. Du veit det
er stygt sagt, og kanhenda urettferdigt og: kan henda
far og mor gjorde sitt beste! og so fær dei utakk til
løn! Men det viser at tvang munar inkje når det gjeld
kristendom. Det må gå med det gode.
Viljugt må borni koma til Gud. Vilhugt må
ungdomen møta fram og gjeva seg i Herrens tenesta. Viljen
må vakna. Det nyttår lite med kjensler. Og det munar
likso lite med spekulasjon um det løner seg. Å lokka
med løn, det er ikkje rette måten; det snur seg snart
andre vegen: det løner seg ikkje! I «Arnljot Gelline»
hev Bjørnson lagt i munnen på værdalsbøndene fyre
Stiklestadslaget: kva ventar oss som fylgjer deg? Olav
Haraldson svarar: de kan venta å falla for Kristi åsyn,
tapa gods og alt de hev kjært. Det var ikkje lokkande
vilkår. Men det stend so vent: bøndene våpen seg fann
og fylgde.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>