- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
103

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

103

Det er mangt hjå Hesekiel som minner um profeten
Jeremia. Domsprofetar er dei båe. Liksom Jeremia
peikar Hesekiel på ei ny pakt som Herren vil skipa med
Israel: eg vil gjeva dei eit nytt hjarta, segjer han;
eg vil ta burt steinhjarta og gjeva dei eit mjukt hjarta,
so dei skal ferdast etter Herrens lov.

Men Hesekiel er ikkje som den syrgjande Jeremia.
Han er viljemenneske, streng og ubøygjande.

Då dei spurde Hesekiel um dei skulde byggja altar for
Israels Gud der i framandlandet, svara Hesekiel absolutt
nei: ingen annan stad enn i Jerusalem skal det verta ofra
til Herren. Han viser seg ein trugen son av kong Josias
reformasjon, som samla all gudstenesta um templet i
Jerusalem. Det måtte vera eit fælt slag for Hesekiel
då han fekk bod at Jerusalems tempel var uppbrent,
ved andre burtføringi. Etter den tid ser Hesekiel fram
til det nye Jerusalem som Herren vil skapa åt dei
heimkomne. Men sjølv fekk han ikkje leva den dagen.

So mykje meir driv Hesekiel på med å skipa
syna-gogejtenesta: dei bygde seg bedehus i dei framande landi;
der kom dei saman kvar sabbat, las or heilage skrifter,
song salmar og bad; og der lydde formaningsord både
frå lekmann og frå skriftlærd.

Profeten Hesekiel hev vore samanlikna med
reformatoren Calvin i Genf. De veit han var hard og streng.
Vår reformator Luther er meir lik den andre Jesaja,
meir menneskeleg, meir mild og skynsam. Calvin radde
ut or kyrkjene alle altar, alle bilete, og alle ceremoniar,
og bygde upp gudstenesta med berre bøn og song og
tale, nett som i synagogene.

I millomalderen var det meste berre altartenesta i
kyrkjene; i mange kyrkjer f anst det ingen preikestol.
Det var noko sers at norske prestar gjekk fram i
kor-døri og preika på morsmålet; vi eig ei gamalnorsk

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0105.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free