- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
18

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

18 dv laak AH.

beste Springar, ho gaadde det ikkje. Ho gjekk;
og daa ho var burte, gjekk dei fleste andre med.
«Men Alvhild laag den Notti og vakte og drøymde
um den sterke Guten med dei blanke Augo, og
Haandi hennar brann etter hans faste Tak, Ho
hugsad ikkje, at han var av laak Ætt; ho hug-
sad berre Guten, og liknad honom ihop med
alle dei andre. Og daa Soli spratt um Morgo-
nen, sagde ho med seg sjølv: »Gudskelov, no
veit eg daa, kven eg likar!« Med den Tanken
sovnad ho søtt og sælt, men drøymde, at Leiv
slost med Far hennar og laut gjeva seg.

Daa ho vaknad, tenkte ho paa denne Draum-
en, og strakst kom ho til aa minnast Leivs
Ætt og Folks Meiningar um Far hans. Dette
lagde seg so kaldt yver henne, at ho reint kjende
vondt av det, og daa ho kom inn i Stova og
saag Far sin og Mor si, desse gode og byrge
gamle Folk, daa lagde det seg som ein Frost
for Bringa paa henne, at ho laut nok slaa fraa
seg dei Tankarne paa Leiv. Men mot Kvelden
kom Tankarne att, sterkare enn fyrr. Det fekk
vera det same med Ætti; ein Gut som Leiv
turvte ingi Ætt. Far og Mor vilde væl leggja
imot det dei kunde; men i Grunnen visste
ho, at ho raadde dei. »Leiv skal verta min!
tenkte ho, og vart so sæl, at ho slog sund
alle dei Koppar og Fat, ho fekk i Henderne

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0030.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free