- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
21

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Av laak Ætt. 21

seg. Elvesusen gjekk roleg og tung gjenom
Skogen. Dei svarte Trekronur ruggad i Vind-
en. Store stygge Skyflokar laag og dreiv uppe
i Himmelen, skifte Ham, skilde seg, minkad,
aukad; beint uppyver Dalegarden stod eit digert
Troll med tri Hovud; det vart til ein Baat med
tri Mann i, og so til ein Hest med Sadel paa.
Herre Gud! dersom ho ikkje kom ikveld, so
vilde han i Nott prøva aa rida den Hesten. .. Tan-
ken dreiv viljelaust gjenom Hausen hans liksom
Skyerne dreiv paa Himmelen; han svimrad og
skvatt upp. >Best eg gjeng<, tenkte han. I
det same kvakk han og vart standande. Var
det ikkje Steg? — Steg? — lette, lette liksom
Vengjeslag i Lufti? — Alt vart stilt, ingenting
røyvde seg, alting stod og lydde; — jau! det
var ho! ho kom! — Den som no hadde eit
Hjarta av Staal, tenkte Leiv og rettad seg
upp; aldri i sine Livedagar hadde han kjendt
seg so liten.
Ho kom gangande so lett og stillt, glytte
ikring seg, stanad og lydde. Leiv hadde best
Hug til aa røma, men han laut fram. »God-
kveld !« sagde han med underleg høg og uklaar

Røyst. »Godkveld«, svarad ho. »Du var gild
som kom, sagde han; »eg ... eg laut tala
med deg... ein Gong til<. Det visste ho ikkje

nokot aa svara paa. »Men fyrst skal du lova

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0033.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free