- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
28

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

28 Av laak Æt.

eg stemna ende til Gards og fria, tenkte han,
berre eg var av ei gildare Ætt! — Og han
skjeglad ned-etter Far sin, som gjekk og tus-
lad sorgfull og bøygd: Gud veit, kvi eg just
skal vera di Son, tenkte han. —

Den gamle saag ikkje dette. Han var komen
i djupe Tankar. Daa han gaadde, at Sonen
stirde uppetter til Dale, og det med slik
Sorg i Augo, at ein Stein kunde graata, daa
skynad han alt, og det tok han saart um Hjar-
tat. Dette gjeng aldri godt, tenkte gamle
Aasbjørn. Fara so langt ifraa Gjenta si er
som aa sleppa fangad Fugl or Haandi; Gjente-
hugen er slengjen og ustød, den, liksom Kaste-
vinnar paa ein trong Fjord. — Di meir han
tenkte, di meir hugsjuk vart han. Han saag
greidt, at Guten kunde ikkje annleis gjera
enn han gjorde; og han saag likso greidt, at han
sjølv hadde Skuldi for det alt. Og endaa hev
eg 1 tjuge Aar strævat som ein Træl for aa
gjera det godt att det eg eingong gjorde galet,
tenkte han. Men det heng i, det heng i; det
er seigare enn Livet; det heng i Ætti. —

Paa heile denne Byferdi vart det mykje
tenkt eg litet talat. Men daa dei var framkomne,
og Leiv steig i Baaten og skulde umbord i
Amerikaskipet, daa tok den gamle han i Haandi
og kviskrad: »Vil du, so skal eg hava eit Auga

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0040.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free