- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
48

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

48 Av laak Ætt,

»Lat oss taka eit Døme. Sjaa no som han
Kasseraren. Han var ein av dei, som Naturen
hadde voret rangvis mot. Han var slengd inn
i Livet, skulde liva, hadde fenget Hugen paa
aa liva, hadde Retten til aa liva; for den hev
me alle, fyrst me er komne her inn . ... men
Naturen hadde ikkje sytt for at han kunde
liva. So laut han syta for det sjølv. Han ret-
tad paa Naturens Mistak. Det som Naturen
hadde haldet att for han, det tok han. Det
var Naturen og ikkje han, som var Syndarenc.

»Hmx, sagde Leiv.

»Eit nytt Døme. Der hev me deg. Du
er og einav dei, som er slengde paa Sjøen utan
Symjebelte., Du er ein sterk, staut Kar, hev
same Livehug og Liverett som dei andre, hev
ein Kropp full av Kraft og varmt Blod, og ei
Sjæl, som kann kjenna baade Gleda og Sorg
2 . Likevæl gjeng du her og trælar og fær
ikkje bruka ditt Liv. Dei andre hev, det du
saknar; dei liver som Fuglar i Sol og nyt alt
godt; du gjeng som Træl. Du treng all di
Magt berre til aa fløyta deg uppe, so du ikkje
søkk. Skynar du det?

»Jac.

No tok Baronen frami med større Varsemd,
liksom meir prøvande og lurande. »Dersom du
no sat med eit Symjebelte millom Henderne

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0060.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free