- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
57

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Av laak Ætt. 57

Knut var i henne, so lettad det att, og ho kunde
gløyma for ei Stund. Var ho i Lag med Bygde-
folk, kunde ho kjenna seg glad; for no turvte
ho ikkje skjemmast av Festarmaalet sitt. Og
um Samvitet beit henne, so trøstad ho seg med,
at Leiv visst ikkje kom. Han skriv ikkje, han
skriv ikkje, sagde ho til seg sjølv. »Han hev
funnet seg eikor i Amerika, veit eg. Slike Folk
er væl lite sætande i det eine som i det andre<. —

Men di lenger det leid, di meir uglad vart
ho. Det var sant nok, at Knut var ein snaal
og lettlivad Gut; men han var likevæl ikkje
den, ho i Grunnen kunde lika. Naar han skjem-
tad med henne, fekk han henne altid kvat.
Men under Kvatleiken laag det nokot kaldt
som ikkje vilde tina: Guten var i Grunnen fra-
mand for henne. Naar han tok henne i Fang,
vart ho skamfull og uhugleg, mest liksom ei
som veit, at ho sel seg for Gard elder Gull.
Det var ikkje denne, som var hennar Gut; ikkje
til denne hadde ho gjevet seg med heil, glø-
dande Hug. Sumetider tenkte ho so halvt paa
aa slaa upp med han. So vilde ho reisa etter
Leiv til Amerika; der var det det same med
»Ætti« og Rikdomen. Men so hadde ho vondt
av Foreldri, og so hadde ho vondt av Knut,
og so visste ho ikkje, um Leiv brydde seg um
henne. Han skriv ikkje, han skriv ikkje, jam-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0069.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free