- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
105

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Seld til den Vonde. 105

som henne, difor hadde han prøvt med Signe;
men no skulde han faa andre Tankar, og
daa visste ho, at han kom. So kunde Lid-
Gjenta bita seg i Fingertupparne! So kunde
ho skjemmast til ho blaanad um Nebben, for
ho hadde tenkt so stort. Ha, ha, det vart ein
annan Dans! Gunhild lo av Gleda. Ho kunde
ikkje vera inne; ho gjekk og dreiv ute og tenkte
og tenkte; tilslutt var ho ferdig, og no skulde
det vera so. Det leid til Kvelds, og ho var
trøytt: Ein Stein laag attunder ei Bjørk; der
sette ho seg. Soli vilde til aa glada; lange
Skuggar lagdest yver Lid og Fjord. Det vart
stilt i Skogen; langt inne millom Aasarne gjekk
ein Lur. Fuglarne søkte heim aat Reiri, Myet
dansad i dei siste raude Solgjeislurne. Gunhild
sat lengje og drøymde; tilslutt stod ho upp, saag
utyver Dalen med lysande Augo, smilte til tvo
Trastar som kom fjukande, slog med ein Lauvkvist
etter Myet, sette so i og song og gjekk heim.

Sundagen etter gjekk ho til Kyrkja. Det
var slik ein fager Dag; ho tottest vita, at Baard
vilde koma. Ho var tidleg ute; Hjartat bankad
i henne, der ho gjekk. Ho sette seg slik i
Kyrkja, at Baard maatte sjaa henne, og ho
visste, at ho var faser i sine nye Klæde. -Men

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0117.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free