- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
111

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Seld til den Vonde, E EET

No tagnad Songen. Baard vart underlegt
ved; han tenkte seg um eit Grand, og so
song han:

»Kven er det som syng so vent i Lid,
alt inni dei Skuggarne lange?

Men er du Huldri, so gjev deg Tid,
for meg tek du seint til Fangex.

Um eit Bil svarad det, men no tett attved:

»Aa agta deg væl, du frægde Gut,
alt inni dei Skuggarne lange!

D’er leidt aa koma for Huldri ut,
for ho heve daarat so mange.

Det gjekk i Baard; han kjende Maalet.
No tuslad det i Holtet, ein Laatt kom trillande,
og fram millom eit Par Haslegreiner glytte eit
Andlit, varmt, raudt, med eit lystigt Smil; eit
digert, myrkebrunt Haar valt fram og var i
Vegen. Det var Gunhild.

Baard stod og stirde, liksom ustød paa, um
han skulde tru sine eigne Augo. Ho saag det
og lo paa nytt. »Ja, tak deg i Varel« sagde
ho. »Du veit ikkje Ord av, so stend du inni
Hallen min i Skards-nuten, midt imillom stygge
Troll med lange Tryne, og naar du vil ut, er
Portarne stengde ..: hu, Gut!c Ho var so
forlokkande, at Baard vilde fram mot henne,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0123.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free