- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
124

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

124 Seld til den Vonde.

— I denne Stundi kjende ho ei forunder-
leg Rørsla . . .

Ho treiv seg til Hovudet, vart kvit som eit
Lakan, og so strakst etter gjøysande raud. Heilt
nye Tankar var det, som tok henne no. Eit
Slags Smil, halvt skamfullt og halvt sælt, ljos-
nad seg fram yver dei unge Lippur; Barmen
arbeidde tungt, ho vart silande sveitt. Herre
Gud, so var det likevæl so... Ho hadde stund-
om tenkt det, men slegjet det fraå seg; vilde
ikkje tru slikt . . . Ho bøygdest ned i ei glød-
ande, men ikkje usæl Blygsla. Tenkte so paa
Baard, og vart endaa meir bljug, og endaa meir
sæl. Han skulde vita det —! lo ho fortryllt.
Kor glad han vilde verta, og kor han vilde
halda av henne. Ja for Gud, 70 var ho hans.
Ho skalv der ho sat; varme, urolege Strøym-
ingar gaus henne gjenom Blodet, tusund uklaare
Tankar skaut upp; den unge Gjenta kjende seg
baade nedtyngd og upplyft, baade bøygd og
byrg, av aa vita seg Mor. —

Men so hugsad ho Far sin og Hr. Jørgen.
Tankarne tok ei ny Leid. Den reint natur-
lege Moderkjensla, halvt jomfrueleg Blygsla,
halvt moderleg Sæla, rengde seg um i ei Kjensla
av fortærande Skam. No forstod ho, kva
ho hadde gjort. No saag ho det. Ho hadde
faret aat som ei Bygdetaus, ikkje som ærleg

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0136.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free