- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
135

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Seld til den Vonde. 135

hin Gongen ifjor. Der var meir enn Manns -
Magt 1 dei, der var Galder og Helvites Eld;
og med dei var det, at ho hadde brennt ut
hans gamle Elsk til Signe og kveikt ein ny,
ugudeleg Elskhug til seg. Han hadde voret
fortrollad. Han hadde voret i Berg. Norømde
han som forskræmd fraa alt dette; Elsken til
Gunhild skapad seg um i Rædsla, og han kjende
seg hjartans glad, at han var vekkt i Tidi, og
at han endaa hadde Signe. Han slog Lag med
Lid-Gutarne, som i seinare Tid hadde lagt seg
meir og meir um han. Og ein Kveld hadde
han vaagat seg til aa vera med dei upp til Lid.
Der hadde han vortet væl fagnad. Dei hadde
teket mot han som ein gamall Kjenning, og
Signe hadde voret so tekkjeleg og hyggjeleg,
ikkje ei ublid Mine, mild og god, og attaat
so ven og snaal og faktegreid, med slik ein fin
Folkeskikk . . . han kunde ikkje forstaa, at han
hadde funnet Gunhild gildare enn henne. So
hadde Baard fenget Øl, sterkt, godt Øl, og so
hadde det sluttat med, at han og Signe hadde
lovatst, og det paa dei Skilordi, at Brudlaupet
skulde haldast i Vaar. Dette hadde hendt i Aftes,
same Kvelden som Gunhild sat innestengd paa
Kammerset sitt. No sat Lid-Gutarne inne i Stor-
stova paa Neset, saman med Baard og dei gamle,
og drakk og samtalad um Brudlaupet og var glade.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0147.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free