- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
148

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

148 Seld til dem Vonde.

vart det. .Gamle Mor Judith laut og læ, daa
ho fekk sjaa det, og sidan ertad ho Baard baade
tidleg og seint med desse Ting. Men daa Ing-
rid saag det, vart ho so raud som Blod. —

Aari gjekk, og Baard vaks til. Han vart
stor etter Alderen, sterk og fager, men uvyrden
og kaut, og trudde han kunde gjera kva han
vilde. So vart det Slagsmaal; men han greidde
seg i det lengste, fekk dessutan altid Hjelp, um
ikkje av andre so av Gjentungarne. Og til
slutt vart det so, at dei fleste fann det best
aa vera til Vens med »Prinsen«. Han vart som
ein Førar for ein stor Flokk Gate-Ungdom, og
no gjekk det laust Byen rundt med alleslags
Gapestykkje og Ugagnsverk. Det som kom
mest i Moten var Slagsmaal. Gategutarne
førde heiltupp Krig. Dei fylkad seg i store
Herar, etter som dei var fraa nørdre elder sydre
Kanten av Byen, og heldt heile Slag. Baard,
elder >Prinsen<, »Gate-Prinsen<, som han vart
kallad, var Føraren for »Nord-Herenc, og var
ein med dei villaste. Meir enn ein Gong kom
han heim um Kvelden so blodutt og sundriven,
at han var fæl aa sjaa. Paa denne Maaten var
det, at Baard Baardsson fekk Resten av si Upp-
læring.

Mor Judith, som med Alderen vart baade
digrare og surare, heldt i Grunnen av Guten,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0160.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free