- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
198

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

198 Seld til den Vonde.

aa skjelva i Maalet. No kom det visst snart!
Baard klengde seg tettare inn til Altaret.
»Dang — dang |« song det fraa Taarnet; men
Stormen burad, so det knapt var høyrande. Det
var som dei gode og vonde Magterne slogst.
»Les Fadervaaret nol« kviskrad Presten; »no
kjem verste Striden!« Daa vart Baard rædd.
Han tok til aa lesa, smaatt, for seg sjølv; men
kom ikkje ut; for han las galet. Tok paa att
fraa nytt av, men kom av det i den femte Bøn.
Kor det durad der ute. Kven var det som ban-
kad i Veggjerne? Og denne underlege Murren
og Surren der bak? Kanskje det var Smaa-
djevlar, som hadde tenkt aa leika med han i
Kveld. Dei sat der langt bak, paa Stolryggjerne,
i Rader, liksom Ulur, liksom Kattar; han tottest
sjaa dei; han tottest kjenna kor Augo deira
glodde fram or Myrkret som gul Eld. Ro-
met var fullt av Skrymt, av Djevlar, som sat og
lurde, som sat og kvesste Klørne og beit seg
i Ragget; dei ventad! dei passad paa! Han
las Fadervaaret, upp att og upp att, og samlad
ikkje lenger, anten han las galet elder rett.
Og Presten messad, messad so det kvein, og
Tonarne kraup rædde ned gjenom Kyrkja,
støytte mot Veggjerne og kom endaa ræddare
attende.

Hu, kor det knast. Var det den Vonde,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0210.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free