- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
208

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

208 Ein Ungkar.

gode Venner og Kvinfolk kann daa ikkje negta
for, at dei synest eg kunde ha gjort det billeg-
are, og betre, og vitugare, og snarare, og finare,
og meir praktisk, og kvar Gang gjev eg meg
sjølv mitt Ord paa, at eg aldri meir skal gaa
slike Ærend, korkje for Vennerne mine elder
for Kvinfolki deira elder for Tenararne deira
elder for Oksarne deira elder for Asni deira
elder for nokon Ting av alt det, som høyrer
dei Hundepelsarne til. — Men trur du eg hug-
sar det?

— Naa ja, so var det altso min gode Ven
Sullich, det Grisetrynet der han gjeng. - Tele-
gramet hans fekk eg der uppi Sætersdalen som
sagt er, og daa lo eg som ein Rjupestegg. Jau der
hev du lurt deg, Sullich’en min, sagde eg for
meg sjølv; den Kruna kunde du ha spart deg!
»Pengarne Posten« er mnaturlegvis komne til
Kristiania for lengje sidan no, so eg tarv ikkje
gjera meg nokot Bry med dette; men du fær
dine Filleblad ikkje ein Dag snarare enn um du
hadde skrivet til Ekspedisjonarne med ein Gong.
Hi-hi, Far! gjev du maatte læra av dette til
ein annan Gong! .

Men »Pengarne Posten< var nok ikkje
komne til Kristiania. Min Ven Sullich hadde
tenkt som so, at det hastad ikkje med dei, daa
eg naturlegvis hadde lagt dei ut; han ventad i

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0220.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free